Dette er hjemmesiden til Utleira Idrettslag. Her finner du informasjon om våre aktiviteter - alt fra beskjeder om treninger, cup'er og turneringer - til oversikt over treningstider, trenere og deltagere.

tirsdag 20. desember 2011

God grunn til julefeiring på Utleira i 2011

Formannskapet behandla i dag, 20. desember, følgjande forslag til vedtak:
1.     Formannskapet vedtar forslaget til avtale med Utleira idrettshall AS om driftsstøtte på 2,5 millioner kroner.
2.       Formannskapet vedtar at rekkefølgekravene i forbindelse med oppføring av flerbrukshall og kunstgressbane dekkes av Trondheim kommune.

Dette vart einstemmig vedtatt. Med dette er ei driftsavtale for framtidig fleirbrukshall sikra. Det er ein av dei viktigaste føresetnadane for at vi kan realisere prosjektet. Del to av verdtaket sikrar pengar til dei tiltaka som gjer det mogleg å ta i bruk kunstgrasbana når den står ferdig neste sommar.
Tidlegare denne månaden, 6. desember, vedtok Formannskapet å bevilge 3 millionar til fleirbruksanlegget frå statlege "Storbymidlar" tildelt frå Kulturdepartementet. Saman med dei 15 millionane som Trondheim kommune vedtok til vårt fleirbruksanlegg i fjor, og tippemidlar som seinare vert søkt om er vi komne eit godt steg på vegen mot å realisere vårt eige anlegg.
Med dette har Utvalet for idrettspark og fleirbruksanlegg kome så langt som vi kan med tilrettelegginga for utviklinga for idrett, folkehelse og kultur i bydelen. Utvalet kan ikkje stå som ansvarleg for realisering av planane. Det inneber også for stort økonomisk ansvar til at Utleira idrettslag kan stå som utbyggar. Difor er det under stifting eit eige utbyggings- og driftsselskap som no skal overta stafettpinnen.
Detaljane om korleis det nye fleirbruksanlegget blir, vert kjent etter kvart som prosjekteringa skrid fram på nyåret. Bydelen kan glede seg på fortsettinga. 2012 blir eit spennande år på Utleira.
For Utvalet for idrettspark og fleirbrukshall på Utleir
Ole Jonny Klakegg