No er fundamenta til lysmastene stort sett på plass. Omrisset av banene er tydeleg å sjå i terrenget, men høgda av ferdig bane blir høgare enn det som viser no. Drenerande masser skal køyrast på til våren før finpussen og legging av kunstgras.
Trondheim kommune har starta prosjekteringa av uteområda og dei tiltaka som må gjennomførast før vårt anlegg kan takast i bruk, slik reguleringsplanen bestemmer. Det gledar oss at kommunen viser at dei vil følgje opp sin del av utviklinga med nødvendige tiltak og at framdrifta no er god.
Selskapet som skal stå for utbygginga er i ferd meg å få formalitetane i orden. Når styret i selskapet er etablert skal dei ta endelege beslutningar om korleis den framtidige hallen skal være. Styret må vege økonomi og dei mange gode formåla mot kvarandre og gjere viktige val for bydelen. No er det avgjerande tidspunktet å kome på banen for dei som vil påverke dei val som skal gjerast.