Dette er hjemmesiden til Utleira Idrettslag. Her finner du informasjon om våre aktiviteter - alt fra beskjeder om treninger, cup'er og turneringer - til oversikt over treningstider, trenere og deltagere.

onsdag 7. mars 2012

Nye tider

Utbyggingsselskapet overtar nå i mars 2012 styringen av hallprosjektet. Dette representerer en viktig milepel. Nå er det alvor. Dersom du har ønske om å påvirke eller ta del  i denne utviklingen må du ta kontakt med det nye selskapet og styreleder Roar Østgaard. For kontaktdata; se styret i Utleira IL.

OBS! Dette gjelder også de som har tatt kontakt med Utvalget for idrettspark og flerbruksanlegg tidligere. Det som nå skjer er langt på veg en ny start.

søndag 22. januar 2012

Fin vinter - fin framgang


Dei fleste har vel lagt merke til at fotballbanene starta å ta form i løpet av hausten. No når banene ligg pent dekka av snø og i flott vintersol kan ein få eit inntrykk av korleis området kan bli når banene blir ferdig neste sommar. Vi gledar oss veldig.
No er fundamenta til lysmastene stort sett på plass. Omrisset av banene er tydeleg å sjå i terrenget, men høgda av ferdig bane blir høgare enn det som viser no. Drenerande masser skal køyrast på til våren før finpussen og legging av kunstgras.

Trondheim kommune har starta prosjekteringa av uteområda og dei tiltaka som må gjennomførast før vårt anlegg kan takast i bruk, slik reguleringsplanen bestemmer. Det gledar oss at kommunen viser at dei vil følgje opp sin del av utviklinga med nødvendige tiltak og at framdrifta no er god.

Selskapet som skal stå for utbygginga er i ferd meg å få formalitetane i orden. Når styret i selskapet er etablert skal dei ta endelege beslutningar om korleis den framtidige hallen skal være. Styret må vege økonomi og dei mange gode formåla mot kvarandre og gjere viktige val for bydelen. No er det avgjerande tidspunktet å kome på banen for dei som vil påverke dei val som skal gjerast.

tirsdag 20. desember 2011

God grunn til julefeiring på Utleira i 2011

Formannskapet behandla i dag, 20. desember, følgjande forslag til vedtak:
1.     Formannskapet vedtar forslaget til avtale med Utleira idrettshall AS om driftsstøtte på 2,5 millioner kroner.
2.       Formannskapet vedtar at rekkefølgekravene i forbindelse med oppføring av flerbrukshall og kunstgressbane dekkes av Trondheim kommune.

Dette vart einstemmig vedtatt. Med dette er ei driftsavtale for framtidig fleirbrukshall sikra. Det er ein av dei viktigaste føresetnadane for at vi kan realisere prosjektet. Del to av verdtaket sikrar pengar til dei tiltaka som gjer det mogleg å ta i bruk kunstgrasbana når den står ferdig neste sommar.
Tidlegare denne månaden, 6. desember, vedtok Formannskapet å bevilge 3 millionar til fleirbruksanlegget frå statlege "Storbymidlar" tildelt frå Kulturdepartementet. Saman med dei 15 millionane som Trondheim kommune vedtok til vårt fleirbruksanlegg i fjor, og tippemidlar som seinare vert søkt om er vi komne eit godt steg på vegen mot å realisere vårt eige anlegg.
Med dette har Utvalet for idrettspark og fleirbruksanlegg kome så langt som vi kan med tilrettelegginga for utviklinga for idrett, folkehelse og kultur i bydelen. Utvalet kan ikkje stå som ansvarleg for realisering av planane. Det inneber også for stort økonomisk ansvar til at Utleira idrettslag kan stå som utbyggar. Difor er det under stifting eit eige utbyggings- og driftsselskap som no skal overta stafettpinnen.
Detaljane om korleis det nye fleirbruksanlegget blir, vert kjent etter kvart som prosjekteringa skrid fram på nyåret. Bydelen kan glede seg på fortsettinga. 2012 blir eit spennande år på Utleira.
For Utvalet for idrettspark og fleirbrukshall på Utleir
Ole Jonny Klakegg

tirsdag 27. september 2011

Utbygging av kunstgressbanene er i gang

Her er lenke til idrettslagets melding om igangsetting av arbeidet. Nå begynner fremtiden å forme seg! Les mer.