Dette er hjemmesiden til Utleira Idrettslag. Her finner du informasjon om våre aktiviteter - alt fra beskjeder om treninger, cup'er og turneringer - til oversikt over treningstider, trenere og deltagere.

lørdag 15. januar 2011

Idrettspark og fleirbrukshall på Utleir - kva skjer?

Ei kort oppdatering på framdrifta ved inngongen til 2011:

- Tippemiddelsøknad for 11-er kunstgrasbane er levert, saka går sin gong og vi ventar oppstart bygging sommaren 2011. Før den tid skal det gjennomførast ein god del planlegging, innhenting av tilbud og ikkje minst byggemelding og andre formalitetar. Vi er i gong! Idrettslaget ved hovedstyret har no overtatt hovudansvaret for denne utbygginga. Den vil bli gjennomført i tett samarbeid med fotballavdelinga.

- Fleirbrukshallen på Utleir har også fått kommunale midlar til oppstart i 2011 som vi såg i budsjettet før jul. Her snakkar vi nok foreløpig om planlegging og prosjektering. Det er ein god del ting som må gjerast før ein kan sjå aktivitet på tomta. Men når ting først løsnar kan det skje ting raskt. Utvalet har ansvaret for vidare planlegging og vil engasjere bydelen i dette, både idrett, kultur, folkehelse og fritidsaktivitet er aktuelle tema her.

No må alle gode krefter i bydelen være klar for innsats. 2011 kjem til å bli eit travelt år på Utleira. Vi er avhengig av hjelp frå mange for å klare å gjennomføre dette. Still opp når utvalget, idrettslaget og andre ber om det. Ta gjerne kontakt med oss med tankar om kva du kan bidra med.


For orden skuld, og om du skulle vere i tvil: Det verserer ein heit debatt i media og kommunen om ny storhall i Trondheim der fleire tomtealternativ er aktuelle; Granåsen, Tiller, Nidarvoll og Strindheim er nemnt. Dette har ingenting med vår hall å gjere. Det er snakk om ein (eller to?) stor(e) treningshall(ar) i plast som i utgongspunktet er tenkt plassert i forbindelse med eksisterande garderobeanlegg for å bidra til å løyse den akutte hallsituasjonen i Trondheim. I utgongspunktet altså ikkje ein konkurrent til vår hall, men med den økonomien som er no kan ein aldri vite sikkert... I alle fall bra at kommunen og politikarane har forstått at behovet er stort og no vil gjere noko med det.