Dei som følgjer med vil kanskje ha oppdaga at rådmannen har lagt fram sitt forslag til økonomiplan og budsjett. Du kan lese det her: http://www.trondheim.kommune.no/budsjett2011/
Same kor nøye du les vil du ikkje finne Idrettspark og fleirbrukshall på Utleir nemnt i desse dokumenta. Det hadde vi heller ikkje venta - at rådmannen skulle foreslå pengar til prosjektet. Kampen står no på andre frontar. Utvalet og idrettslaget jobbar intenst med både den administrative og ikkje minst den politiske ledelsen for å sikre at prosjektet kjem inn i budsjett og økonomiplan gjennom den politiske behandlinga fram mot vedtak av endeleg budsjett 9. desember.
Vi har store forventningar om at dette skal lukkast. Politikarane våre sat vel ikkje her i folkemøtet og skrøna?